MORGEDAL - Ikke bare vinter

Jazz-elskarar blir lokka til New Orleans. Elvis-fans valfartar til Memphis. Skientusiastar reiser til fjellbygda Morgedal. Felles for dei alle er jakta etter det opprinnelege. Den norske folkesjela er nært knytta til ski og snø.

I 4000 år har nordmenn teke seg fram i snøen med ei eller anna form for ski under føtene. At den moderne skisporten fekk si utforming av morgedølen Sondre Norheim på 1800-talet, veit dei fleste. Men kven var han eigentleg, denne ski-originalen Sondre? Korleis var husmannsplassen han kom ifrå? Terrenget der han boltra seg på ski? Og korleis kunne ein slik fattig heimføding utvikle ei ski som skulle bli modell for alle seinare skitypar over heile verda? Ei reise til Morgedal gir deg svaret. Her trer du rett inn i skihistoria og kan knyte trådene frå pionèrtida fram til våre dagar.
Loading map...
Article image

MORGEDAL I DAG

I Morgedal kan du oppleve skihistorie - også utan ski på beina. Opplevingssenteret Norsk skieventyr sameiner eldgamle tradisjonar med moderne teknologi.

Her kan du oppleve ei stemningsfull vandring gjennom 4000 års skihistorie, frå dei fyrste helleristningane via vikingar, birkebeinarar, militære skiløparkompani, Sondre Norheim og fram til vår tid. Alt dette får du gjennom eit multimediaprogram som kombinerer ein forrykande film over fleire lerret med utstillingar, musikk, ljos- og lydeffektar.
Ein skimakarverkstad syner deg korleis ski blei laga i Sondre Norheims dagar. Ein av Noregs fyrste skismøringsfabrikkar, Østbye Skiwax, er bygd opp på nytt med eit mylder av autentiske detaljar. Her er også ein tru kopi av "Sondrestoga" der Sondre Norheim budde. Dei vidgjetne skiene hans med innsving og stiv hælbinding er også på plass.
Ei anna utstilling fortel om morgedølen Olav Bjaaland som var med Roald Amundsen på Sydpolferda. Telemarkingen Hjalmar Johansen frå Skien var med på same turen.
Samlingane inneheld òg utstyr frå Cato Zahl Pedersens ekspedisjon til Sydpolen i 1994.
Article image

”FRÅ VOGGE TIL MEKKA”

Telemarkforskning har utarbeida ein rapport ”Frå Vogge til Mekka” der ein konkluderar med at den heilt spesielle historia som er knytt til Morgedal som skisportens arnestad, representerar eit unikt og spanande utgangspunkt for nyvinnande stad -og næringsutvikling.

Hausten 2006 blei Morgedal Utvikling A/S stifta med 40 lokale aksjonærar.
Bakgrunnen er den aukande ”pilegrimsturismen”, der søk etter det opphavlege er ei sterkt veksande grein av det internasjonale reiselivet.
Morgedal Utvikling skal starte arbeidet med å gjera Morgedal, skisportens vogge, til det mest attraktive reisemål i verda for ”den skiinteresserte pilegrimsturisten”.

Målet er å rekruttere og utdanne historieforteljerar som kan nyttast i høve til formidling av historie til grupper. Opprusting av løyper, merking av stiar og elles opprusting av Øverbø, fødestaden til Sondre Norheim. Sondre Norheim si mest spektakulære og vidgjetne uvyrdslåm Kastedalsskotet skal ryddast og gjerast tilgjengeleg.
Utvikle tilbod for grunnleggjande opplæring i Telemarkskøyring og gjere det mogleg for overnatting i tunet på Øverbø, Sondre Norheim sin fødestad. Utvikle tilbod for aktivitetar på sommartid.
Article image

Verdt å vite:

Morgedal Hotell, der tradisjon, kvalitet, hyggeleg atmosfære og stor fleksibilitet er hotellets varemerke. Hotellet ligg i hjartet av Telemark midt mellom aust og vest som ein naturleg stoppestad. Her er innandørs badebasseng med badstoger og solarium, triveleg spisesal med god tradisjonsrik mat. Festsal med bar, der det er levande musikk 6 kveldar i veka.